RAGNHILD HEMSING - FIOLIN / HARDINGFELE

Ragnhild Hemsing skil seg ut blant dei nye talenta i Noreg som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen i Noreg, og det gjer henne til ein av dei første artistane som på ein vellykka måte smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og fullt ut moderne måte.

Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir uvanlege og kompliserte verk skrivne for hardingfele. Innanfor samtidsmusikk kan nevnast samarbeidet med den norske komponisten Lasse Thoresen og den unge norske koreografen Hallgrim Hansegård. Saman har dei framført «Yr» av Lasse Thoresen, over heile Noreg og på internasjonale scener. I etterkant har Hemsing spela inn dette verket på plate – den første soloplata hennar – på plateselskapet Simax. Denne cd-en og innspelinga hennar av Halvorsens «Fossegrimen» op. 21 for Chandos med Bergen Filharmoniske Orkester og Neeme Järvi fekk framifrå omtale frå kritikarane. Etterpå inviterte Järvi Ragnhild Hemsing til å spela med Estonian National Symphony Orchestra i februar 2012.
Då ho var berre 14, debuterte Hemsing med Bergen Filharmoniske Orkester, der ho framførte Mendelssohns fiolinkonsert. Same år spela ho med Trondheim Symfoniorkester, og året etter vart ho invitert til å spela med Oslo-Filharmonien. Etter det har ho spela med alle dei større norske orkestera. Som solist med orkester dei siste åra kan nevnast Minnesota Orchestra (Andrew Litton), DR SymfoniOrkestret, Residentie Orkest The Hague (Santtu-Matias Rouvali), Nordic Symphony Orchestra (Anu Tali), Ukrainian National Philharmonic Orchestra, Göteborgs Symfoniker, NDR Radiophilharmonie i Hannover (Eivind Gullberg Jensen), Tampere Philharmonic, MDR Sinfonieorchester Leipzig, Tonhalle-Orchester Zürich, Philharmoniches Orchester Freiburg (Fabrice Bollon), National Orchestra of Belgium (Ion Marin) og Düsseldorfer Symphoniker med eit «carte blanche»-program.


Ragnhild Hemsing har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Noreg, mellom andre Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, kammermusikkfestivalane i Oslo, Stavanger og Trondheim, Nordlysfestivalen i Tromsø, Hardingtonar og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, der ho har kombinert folkemusikk med eit klassisk repertoar. Ho har òg opptredd på festivalane Cheltenham, Verbier, Bellerive og AlpenKlassik, og spelt recitaler i Wigmore Hall, Kennedy Center i Washington D.C., i Mariinsky Concert Hall, Beethovenfest Bonn, Moravian Autumn i Brno, WDR Köln og Schwetzinger SWR Festspiele.


Ragnhild Hemsings nye plateinnspeling «Northern Timbre» frå 2017 med pianisten Tor Espen Aspaas på plateselskapet 2L, har eit tvers gjennom nordisk repertoar og har motteke strålande kritikar.
Hemsing har motteke mange prisar, mellom anna First Prize og European Union Prize under Kocian International Violin Competition. I 2012 fekk ho den prestisjetunge Arve Tellefsens Musikerpris. Etter debuten ved Beethovenfest Bonn 2013 fekk ho den anerkjente prisen Beethoven-ring av foreininga «Borgarar for Beethoven».
Ragnhild Hemsing er ein velkjend artist på norsk radio og tv. Saman med systera Eldbjørg Hemsing spela ho inn ein timelang dokumentar om livet til Ole Bull – eit program som fekk ein EBU-pris.
Saman med systera Eldbjørg, er Ragnhild kunstnerisk leder av Hemsingfestivalen, ein kammermusikkfestival for intime møte med stor musikk i veke 8 i februarmånad kvart år. Vinterfestivalen i Aurdal i Valdres vart etablert av systrene i 2013. For meir info om festivalen, sjå www.hemsingfestival.com.


Ragnhild Hemsing vart fødd i Valdres i 1988, i hjartet av Folkemusikk-Noreg. Ho begynte å spela fiolin då ho var fem, og studerte ved det prestisjetunge Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og deretter med professor Boris Kuschnir i Wien. Ho spelar på ein fiolin bygd av Francesco Ruggeri (Cremona, 1694) som er utlånt frå Dextra Musica.